Farleg avfall

Visse typar avfall krev spesialhandsaming fordi dei er særleg farlig for miljø og helse. Når du skal kvitte deg med slikt avfall, må du levere det inn på kommunalt mottak på Einestølen, utan å blande det med anna avfall. Levering av farleg avfall på Einestølen er gratis.

Publisert av Tore Gjelsvik. Ansvarleg Brann og redning. Sist endra 14.03.2011

Følgjande vert rekna som farleg avfall:

     

  • Tre typar batteri: Oppladbare batteri (t.d til bruk i mobiltelefonar), knappcellebatteri (t.d brukt i klokker og kamera) og bilbatteri. Desse kan leverast i butikkar somleverer same type batteri. Andre typar batteri kan kastast saman med vanlig avfall.
  •  

     

  • Lysrør og sparepærer.
  •  

     

  • Måling, lakk, beis og løysemidlar som white spirit og terpentin vert rekna som farlig avfall. Dette gjelder også restar.
  •  

     

  • Trykkimpregnert trevirke: Den "gamle" typen, CCA-impregnering, er farlig avfall. Ny type impregnering er ikkje klassifisert som farlig avfall, men den er ikkje giftfri (den inneheld miljøskadelige koparforbindingar), og skal leverast til godkjent mottak med melding om innhald.
  •  

     

  • Kjemikaliar til hushald med faremerke.
  •  

     

  • Kjemiske utryddingsmidlar som sprøytemidlar og rottegift.
  •  

     

  • Medisinrestar, som kan leverast på apoteket.
  •  

     

  • Kvikksølvtermometer er no forbode å selje. Gamle kvikksølvtermometer er farlig avfall.
  •  

     

  • Spillolje.
  •  

     

  • Isolerglasvindauge produsert i Norge før 1975, og utanlandske produsert fram til 1978 inneheld truleg miljøgifta PCB.
  •  

     

  • Gamle kjøleskåp og frysarar og andre typar elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall), vert vanlegvis ikkje karakterisert som farlig avfall, men må like fullt ha spesialhandsaming. Butikkar som sel tilsvarande vare kan ta imot slikt avfall.
  •  

Tilbake
Farleg avfall
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF
Teneste (1)
Digitalt skjema (1)
Førde Kommune, postboks 338, Hafstadv. 42, 6802 Førde. Tlf: 57 72 20 00. Fax: 57 82 38 76 postmottak@forde.kommune.no