Fysio- og ergoterapi

Fysio- og ergoterapitenesta er ein del av helsetilbodet i Førde kommune, og tenesta er organisert under eininga Legeteneste og rehabilitering.

Førde helsetunFørde helsetun Oskar Andersen

Tenesta har fire fysioterapeutar og ein ergoterapeut, og desse arbeider med menneske i alle aldersgrupper, som grunna sjukdom, skade eller funksjonsvanskar treng hjelpetiltak.

 

Aktuelle arbeidsoppgåver for tenesta er mellom anna:

  • Kartlegging av funksjonsnivå
  • Kartlegging og vurdering av hjelpebehov
  • Rettleiing av brukarar, pårørande eller anna personell
  • Trening i daglege aktivitetar
  • Opptrening av funksjonsnivå
  • Vurdering, tilpassing og oppfølging av tekniske hjelpemiddel. Dette skjer i nært samarbeid med NAV Hjelpemiddelsentral.
  • Tilpassing av bustad
  • Habilitering og rehabilitering
  • Samarbeid med andre kommunale tenester, som til dømes barnehage, skule, helsestasjon, heimeteneste, dagsenter for eldre og institusjon, og samarbeid med spesialisthelsetenesta.

 

Tenesta er også representert i kommunen sitt arbeid knytt til rehabiliterings- og habiliteringsteam.

 

Kontaktinformasjon

Fysio- og ergoterapitenesta er lokalisert i Langebruvegen 34. Fagleiar Marita Brandsøy Lystad kan kontaktast på telefon: 57722139 eller e-post: mbl@forde.kommune.no

 

Fysio- og ergoterapitenesta samarbeider med dei privatpraktiserande fysioterapeutane i Førde.

Liste over privatpraktiserande fysioterapeutar i Førde.



 

Publisert av Marita Brandsøy Lystad. Sist endra 31.03.2014
Tilbake
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF
Fysioterapeut og fagleiar for fysio- og ergoterapiavdelinga
Telefon :
57722139
Tittel :
Fagleiar fysio- og ergoterapiavdelinga
Bunnhjørne
Tenesteeining (1)
Hovudside (1)
Førde Kommune, postboks 338, Hafstadv. 42, 6802 Førde. Tlf: 57 72 20 00. Fax: 57 82 38 76 postmottak@forde.kommune.no